Reinsing før ein går inn i eit hindutempel
Kanagaratnam Pulendran, tidlegare leiar for det tamilske hindutempelet på Ammerud utanfor Oslo seier følgjande om dette: Ein skal ha på seg nyvaska klede når ein kjem til templet. Hender og føter skal vaskast før ein går inn, og munnen skyljast. Nokre av reglane har likevel lite med hygiene å gjere. Ein kan ikkje vere rusa, og kvinner har ikkje tilgang til templet medan dei har menstruasjon (fem dagar) eller dei første 41 dagane etter ein fødsel. Dersom nokon mister ein familiemedlem på farssida, blir ein rekna som urein i sørgjeperioden (31 dagar), og må då halde seg unna templet. Dette gjeld ikkje dersom ein mister familiemedlemmar på morssida.
Mennene ber ei spesiell drakt når dei er i templet, sett saman av vakre sjal bunde rundt livet som eit skjørt som går heilt ned til oklene. Overkroppen og føtene er berre. Kvinnene ber fargerike sariar og drakter, og dei òg går berrføtt. Ein skal gå berrføtt for å vise respekt for guden, samtidig som ein viskar ut sosiale forskjellar mellom tilbedarane. På Sri Lanka er sko eit statussymbol, og dersom nokon går med sko og andre ikkje, markerer dette ein sosial forskjell. Dessutan står ein tett, og kan fort bli trakka på tærne dersom nokon har sko. I Noreg tek ein òg av seg skorne for ikkje å dra med seg søle og skit inn i templet. Den nakne overkroppen til mannen skal symbolsk innby til nærleik til guden, og viske ut sosiale forskjellar. Men dette er berre lokale vedtekter, seier Pulendran. På grunn av manglande ressursar i templet gjer ein gjerne unna nokre av reinsingsrituala heime før ein dreg til templet. ”Om sommaren kan vi gå i skjørta til templet, men om vinteren skiftar vi her”, seier Pulendran.