Kristendomen i Noreg
Utviklinga av kristendomen og kristne retningar i Noreg
Olav Tryggvason og Olav Haraldsson blir rekna som dei to viktigaste ”kristningskongane”, og har fått æra av å fullføre kristninga av Noreg. Kristendomen i Noreg feira sitt tusenårsjubileum i 1995, med utgangspunkt i Olav Tryggvasons kome i 995. I 1024 skal Olav Haraldsson ha forbode norrøn religion og innført kristendomen som einaste lovlege religion i landet. Det var i hovudsak katolsk kristendom som kom. I 1153 blei Noreg egen kyrkjeprovins med opprettinga av erkebispesetet ved grava til Heilag-Olav i Nidaros.
Kinnakyrkja ligg på øya Kinn utanfor Florø. Kirka er bygd i romansk stil og har vore i bruk sidan 1100-tallet. Legender og munnlege overleveringer knyter kyrkja til helgenen St. Sunniva på Selje. Foto: Grete Huus
I 1537 kom reformasjonen til Noreg, og dei katolske prestane og biskopane måtte konvertere eller flykte. Olav Engelbrektsson var den siste katolske biskopen i Noreg. Han kjempa ein hard kamp mot overmakta, men måtte til slutt flykte han òg. Sjølv om reformasjonen ble gjennomført relativt raskt på statleg nivå, tok det lang tid før protestantismen slo an blant vanlege folk. Etnologiske og folkloristiske studiar har vist at folk held fram å uttrykke trua si på meir eller mindre på katolsk vis til ut på 1800-talet.
I 1814 ble Noreg lausrive frå unionen med Danmark og fekk si eiga grunnlov. § 2 i grunnlova understrekar at jødar, munkeordenar og jesuittar ikkje har tilgang til riket. Forboda blei oppheva i omsynsvis 1851, 1897 og 1956. Jesuittane var opptekne av utdanning, velgjerande føremål og det vi med ein moderne språkbruk kunne kalle menneskerettar, men dei var òg svært aggressive misjonærar med gode politiske kontaktar. Dei hadde òg vore sentrale under motreformasjonen i Noreg. Kanskje er dette noko av bakgrunnen for at Eidsvollsforsamlinga frykta jesuittane. At forbodet varte heilt fram til 1956 er vanskelegare å forstå. Når det endeleg blei oppheva var det på grunn av internasjonalt press etter at Noreg i 1950 hadde ratifisert Den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Med unntak for dei tre gruppene nemnd ovanfor, blei det i 1840-åra endeleg fart i utviklinga mot religionsfridom i Noreg. I 1845 blei dissentarlova vedteken. Lova gav tilnærma full rettsleg religionsfridom til alle kristne (utanom munkeordnar og jesuittar) som ikkje var medlem av statskyrkja (såkalla ”dissentarar”, det vi i dag kallar frikyrkjer, inkluderte òg katolikkar og ortodokse). Dette er første gang ordet ”statskyrkje” blir brukt offisielt, og det blei òg mogleg å melde seg ut av statskyrkja. Som eit framhald av desse diskusjonane, som blant andre Henrik Wergeland engasjerte seg kraftig i, blei jødar endeleg gitt tilgang til riket i 1851.
Oppmjukinga av lovverket sette fart i etableringa av kyrkjesamfunn utanfor statskyrkja. Før 1900 hadde òg metodistar, kvekarar, mormonar, baptistar, adventistar, Smiths vener, Jehovas vitne og fleire frie vekkingskyrkjer etablert seg i landet. Munkeordnar var òg blitt tillate i 1897. I 1906 kom pinserørsla, og i 1931 den første ortodokse kyrkjelyden.
I 1902 blei Noregs dissentarting oppretta, som i 1966 blei omorganisert til Noregs Frikyrkjeråd. I 1992 blei Noregs kristne råd oppretta som paraplyorganisasjon for dei nasjonale kyrkjene.
21 mai 2012 vart den norske statskyrkja erstatta av ei folkekyrkje: Den norske kirke, då grunnlova gjennomgjekk ein revisjon der kristendommen og humanismen vart definert som grunnlaget den var tufta på. Kongen i statsråd utnemnar ikkje lenger kyrkja sine biskopar, og den norske kongen er heller ikkje lenger kyrkja sitt formelle overhovud. Kongen skal likevel tilhøyre Den norske kirke som trussamfunn.