Diasporasituasjonen
Diasporaen for sikhane starta på slutten av 1800-talet, da nokre valte å følgje ei karriere innan det britiske militærvesenet og enda opp som politimenn i Singapore eller Hongkong. Utvandring i større skala starta først etter lausrivinga i 1947, då delinga av Punjab mellom India og Pakistan fikk mange skuffa sikhar til å reise frå heimlandet. Ei ny utvandringsbølgje følgde på 1980-talet, i kjølvatnet av konflikten med den indiske regjeringa. I dag bur om lag to millionar, eller 8% av alle sikhar, utanfor India. Dei fleste har slått seg ned i England, Canada eller USA.
Sikhane har i dag ein godt organisert diaspora over heile den vestlige verda som held kontakten på tvers av landegrensene. Sikhismen, som tradisjonelt har vore det vi kallar ein etnisk religion der kulturell identitet og religion har vore ein og same ting, står i dag overfor det paradokset at fleire og fleire sikhar veks opp utan å ha noko forhold til Punjab eller India.
Innvandringa til Noreg starta på 70-talet. Dei fleste indarar i Noreg kjem frå Punjabområdet der majoriteten av folket er sikhar. Resultatet er at drygt halvparten av indarane i Noreg er sikhar. I 2006 var talet cirka 5000. Sikhane slo seg ned på austlandet, der sikhar som kom frå byområda og dei som kom frå landet søkte seg mot omsynsvis Oslo og Lier/Drammen. Gurduara Sri Nanak Dev Ji –forsamlinga i Oslo er den største av desse, med om lag 2000 medlemar. Forsamlinga held til i ein gamal villa på Alnabru og har vore bygd på fleire gongar for å få plass til blant anna matsalar og kjøken.
Det er ikkje forska så mykje på sikhismen i Noreg. Men i England, der sikhane har hatt 50 år på å etablere seg, finns det ei rekkje etnografiske studiar. Desse studia viser at sikhane generelt har tilpassa seg godt både økonomisk og kulturelt. Ein faktor som kan ha hjelpt til med den (økonomiske) suksessen til sikhane i England, er idealet om å arbeide hardt. Sikhane i England viser seg å vere aktive samfunnsborgarar, samtidig som dei har makta å rekonstruere sin egen kulturelle og moralske orden (dharm) privat. Bygginga av gurduaraene har vore avgjerande i denne samanheng.
Ein faktor som kan hjelpe til å gjere diasporasituasjonen vanskelegare for sikhane er dei ytre kjenneteikna dei må bere. Til dømes har bruken av turban til tider vore sett på prøve, som i situasjonar der den nasjonale lovgivinga krev at ein bruker hjelm. Ein turban er eit 4-7 m. langt tøystykke som blir vikla omhyggeleg rundt hovudet for å dekkje opptil ein meter langt uklipt hår. Det seier seg sjølv at det er svært upraktisk å måtte bytte hovudplagg fleire gongar om dagen. I England fekk sikhane dispensasjon frå kravet om motorsykkelhjelm og hjelm på byggjeplassar. Nokon liknande dispensasjon har ikkje blitt gitt i Noreg.