Ulike retningar innan sikhismen
Den unge alderen og den avgrensa geografiske utbreiinga til sikhismen gir lett inntrykk av at han er ein einsarta religion. Likevel finns det ulike retningar og religiøse identitetar som forskarar i større og større grad blir merksame på. For det første har det sidan grunnlegginga vore hinduiske retningar som har gitt Guru Nanak stor merksemd, slik at ein får sekter i skjeringspunktet mellom dei to religionane. Ei slik sekt, kalla Udasin, skal ha blitt grunnlagt av sonen til Nanak, Siri Chand. Udasinretninga tilber òg Adi Granth, men godtek ikkje guruane etter Nanak.
Dei viktigaste ulikskapane til dei andre retningane som finns, er tvistar over kva guruar og heilage menn som skal reknast som autorative, samt spørsmålet om kven som skal leie sikhane. I tillegg til ulike retningar finns det naturligvis sosiale ulikskapar og ulike religiøse identitetar som er med på å bryte ned biletet av sikhismen som ein einsarta religion.