Khalsaen og levereglar
Tidleg på 1600-talet, under den femte guruen, Guru Arjan (1563-1606), kom sikhane i konflikt med dei muslimske herskarane. Den blodige historia til sikhane og kamp for fridom og sjølvstende har prega religionen, noko som òg er synleg i templet i form av martyrbilete og krigerske symbol. Guru Gobind Singh organiserte sikhane i eit slags krigarsamfunn, ein orden kalla khalsaen. Khalsaen eksisterer framleis, men er i dag meir eit religiøst ideal enn eit krigarsamfunn. Sverdet står sentralt som symbol, men læra er eintydig på når sverdet kan brukast: Berre i forsvar av trua, som vern for dei svake og undertrykte, og berre som ein siste utveg. Å spreie religionen ved hjelp av sverdet er ikkje akseptabelt.
Dei mest fromme av sikhane, både kvinner og menn, kan la seg signe til khalsaen og dermed forplikte seg til å leve etter strengare reglar enn andre. For å bli medlem må ein gå gjennom eit signingsritual kalla amrit sanskar, og deretter bere fem teikn (dei fem K-ane): Dei skal ikkje klippe eller barbere noko hår på kroppen, og håret skal gøymast av ein turban eller eit sjal. Dei skal òg bere ein kam, eit sverd, eit armband av jarn og ein type lause kortbukser. Mannlege medlemar av khalsaen tek etternamnet Singh (løve), og kvinner Kaur (prinsesse).
Sikhismen har elles fire tabu. Ein skal ikkje klippe håret, ein skal ikkje bruke tobakk eller andre rusmiddel, ein skal leve monogamt, og ikkje ete halal-kjøtt. Regelen mot halal-kjøtt er eksplisitt i Guru Granth Sahib, som hevdar at slaktemetodene til muslimane er fæle. Dei har likevel lita praktisk vekt, sidan dei fleste sikhar likevel er vegetarianarar.