Ritual
Sikhane feirar fem overgangsriter: Namngiving, overgangen frå barn til vaksen, bryllaup, signing til khalsaen og kremering.
Namngiving: Under namngivinga blir barnet bore fram til altaret i diwanhallen, og lagt ned på den raude løparen. Deretter gjennomfører ein ein hukam, der den heilage boka blir opna på ei tilfeldig side. Første bokstav i verset ein finn skal òg vere første bokstav i namnet ein vel til barnet.
Overgangen frå barn til vaksen blir berre markert for gutar. Ritualet, som skjer i heimen, er samansett av at tøystykket som tidligare har dekt det uklipte håret blir bytt ut med ein verkeleg turban (pagari). Det er ingen fast alder for når pagariritualet skal utførast.
Ekteskapsinngåinga er eit av dei største rituala i sikhismen. Å stifte familie er nærmast ei religiøs plikt for sikhane, med deira vektlegging av det jordiske livet og den samfunnsmessige ordenen. Dei fleste sikhar ønskjer nok at barna deira skal gifte seg med nokon frå same bakgrunn. I likskap med hindubryllaup varer feiringa i tre dagar, og hovudritualet (anand karaj) finn stad i gurduaraen på dag nummer to. Høgdepunktet er framføringa av songen Lavan frå Adi Granth medan brudeparet går i ring rundt altaret fire gongar, ei runde for kvart vers. Akhand path, gjennomlesing av hele Adi Granth, kan òg vere del av bryllaupsritualet, og skjer i så fall dagen før brurevigsla.
Lavleen Kaur og Daniel Ruasol vart via i gurduaren i 2006. Foto: Anders Bettum, Oslo museum, Interkulturelt museum.
Gravferd: Sikhane kremerer sine døde, og spreier oska i ei elv eller på havet som dei tamilske hinduane i Oslo. Mange tek oska til Kiratpur i Punjab. Sikhismen oppfordrar ikkje til å byggje minnesmerke over den døde. Dikta Sohila, som òg blir sunge dagleg før ein legg seg, har ein sentral plass i gravferdsritualet. Ein variant av akhand path kan gjennomførast etter kremeringa. Heile boka blir då lesen over ti dagar, men med pausar.
Signingritualet til khalsaen (amrit sanskar) skjer den 13. april kvart år, som ein del av vaisakhifeiringa. Sjølve ritualet blir gjennomført i matsalen i andre etasje i gurduaraen. Ritualet er ei påminning om dei handlingane Guru Gobind Singh utførte då han oppretta khalsaen. Under ei Vaisakhifeiring i Anandpur i 1699 skal han ha testa lojalitet en til tilhengjarane sine på ein ganske dramatisk måte. Kledd i blå militæruniform og med heva sverd skal han ha bedt om at ein sann sikh skulle kome fram for å få hovudet hogge av. Etter ei lang tid med stille kom endeleg en mann fram. Gobind Singh tok mannen med seg inn i eit telt, kom ut igjen med eit bloddrypande sverd, og gjentok oppfordringa. Det same skjedde fem gongar. Den siste gongen guruen kom ut av teltet hadde han ikkje noko bloddrypande sverd, men derimot kom ”dei fem elska” ut saman med han, like heile, òg dei kledd i blå militæruniform og med eigne sverd. Dei fem var dei første medlemane av khalsaen. Signinga skjedde ved at Guru Gobind Singh helte vatn i ei skål av stål, blanda i sukker, og rørt rundt med sverdet medan han resiterte orda til guruen. Vatn og sukker blanda saman i ein bolle av stål blir kalla amrit, som tyder drikk for æveleg liv. Dei fem drakk så frå bollen.
Signinga skjer i dag ved at fem menn, som representerer ”dei fem elska”, lagar drikken. Dei nye initiantane kjem fram og drikk. Bollen med sverdet har blitt eit eige symbol som kan brukast til å dekorere altaret òg elles i året.