Røtene til sikhismen
Sikhismen har utgangspunkt i Punjab i India på slutten av 1500-tallet, og er basert på læra til Guru Nanak og ni andre guruar som etterfølgde han fram til 1708. I tillegg til guruane har ei rekkje diktarhelgenar gitt vesentlege skjervar til tradisjonen til sikhane. Guru Nanak var del av den såkalla Santrørsla i Punjab.
Santrørsla var samansett av grupper av menneske som samla seg rundt lærarar som kunne vere hinduar (bakhtiar og nathyogiar) eller muslimar (sufiar). Fleire av dei var dessutan kvinner, og mange kom frå lågare samfunnslag. Santrørsla forkasta ikkje berre kastesystemet, men òg religiøse tekstar, presteskap, ritual og alle andre ytre former for religiøst liv. Det religiøse systemet til sikhane var ferdig utvikla først på 1700-talet, etter at den tiande guruen Gobind Singh hadde samla dei heilage skriftene i Adi Granth og kunngjorde at han sjølv var den siste guruen. Heretter skulle den heilage boka vere den einaste guruen for sikhane. Paradoksalt nok skulle Santrørsla, som var eit opprør mot formalisert religion, gi støyten til danninga av ein ny. Etter kvart som rørsla vaks oppstod ein trong for meir ordna former. Den politiske situasjonen på tida til Guru Gobind Singh kravde ein sterkare organisasjon, og under okkupasjonen til britane på 1800-tallet blei det viktig å markere eigenarten sin ved bruk av ytre symbol.
Sikhismen er i dag ein fullverdig religion med eigne mytar, ritual og symbol, og det finns knapt nokon annan religion som viser den heilage boka si større merksemd. Likevel kan ein framleis ane spor etter den vanvørdnaden santrørsla har for institusjonalisert religion. Til dømes finns det ingen prestar og likskapstanken står sterkt. Sikhismen har i dag cirka 23 millionar tilhengjarar. Tyngdepunktet ligg framleis i Punjab i India, men diasporaer finns over heile verda.
Guru Nanak var den første guruen til sikhane. Scan frå plakat, kunstnar ukjend.
Trass i historiske konfliktar med muslimar og hinduar i India, er læra til sikhismen open og positiv til andre religionar. Sikhane er òg påpasselege med å understreke at dei historiske konfliktane ikkje har vore religionskrigar, men opprør mot urettferdige herskarar. Snarare enn å oppfordre folk frå andre religionar til å gå over til sikhismen, ønska Guru Nanak at folk skulle streve etter å gjere sitt beste innanfor den religiøse tradisjonen dei høyrde til. Var ein hindu skulle ein prøve å bli ein betre hindu. Var ein muslim skulle ein forsøke å bli ein betre muslim. Sikhane driv vanlegvis ikkje med misjon, men tek gjerne imot dei som ønskjer å gå over til sikhismen på eige initiativ.