Moskeen
Interessant nok kan dei muslimske religiøse pliktene oppsummerast i metaforen ”islams hus”, som blir bore av ”dei fem søylene”: truvedkjenninga, bøna, almissa, fasta og pilegrimsferda. Av desse er bøna viktigast i vår samanheng, sidan moskeen først og fremst er eit bønerom. Bøna kan utførast kvar som helst, men har ein høve skal ho helst utførast i fellesskap i ein moske. Vi kan snakke om tre ulike typar ”heilage rom” innan tradisjonell sunni-islam:
Ein Jamia er ein stor, nasjonal samlingsstad for fredagsbøna. Ein jamia må vere bygd som ein moske.
Ein annan type moske blir kalla Masjid. Det er frå dette ordet det engelske ”mosque” kjem frå. Ein masjid er ein samlingsstad for dagleg bøn og skal ideelt sett vere bygd som ein moské. Han må i det minste vere i eige av trussamfunnet.
Musalla er eit bønerom for den enkelte eller for små grupper, og kan opprettast kvar som helst og når som helst. I muslimske land kan ein liten teltstruktur på gata fungere som musalla. På Blindern har Universitetet i Oslo ein musalla der muslimske studentar kan legge ut bønneteppa sine og gjennomføre bøna i fred og ro.