Ritual og høgtider
Adhan – innkallinga til bøn, varslar at det er tid for bøn i muslimske land. Fem gongar om dagen stig eit kor av høgtalarstemmer tilhøyrande muezzinane opp over byane, og hjelper folk med å hugse ikkje berre bøna, men òg tida. For nokre år sidan var det ein stor debatt i Oslo om adhan skulle tillatast eller ikkje. Resultatet av diskusjonen var at dei som hadde søkt om løyve, fekk lov til å halde adhan ein gong i veka (til fredagsbøna). Dei måtte òg passe på at lyden frå songen ikkje kom over eit visst desibelnivå.
Sidan har ikkje fleire søknader kome inn, heller ikkje frå Ahl-e Sunnat som heilt sikkert hadde fått ein liknande dispensasjon. Årsaka er at diasporasamfunna har funne ein måte å tilpasse dette ritualet på som ikkje krev noko løyve frå staten. I norske moskear skjer adhan hovudsakleg i bøneromet, og krev dermed inga anna tillemping. I diaspora har adhan dermed mista funksjonen sin som tidsreferanse og påminning om dei religiøse pliktene. Det blir opp til den enkelte å passe på at ein hugsar bøna, noko som fører til den individualiseringa som gjerne kjenneteiknar globale religionar.
Alle moskear har eit eige bad, der reinsingsritualet al –Wudhu kan gjennomførast før bøn. Foto: Anders Bettum, Oslo museum, Interkulturelt museum.
Før bøna gjennomgår muslimane eit grundig reinsingsritual kalla Al-Wudhu. Ein vaskar hendene, underarmane, hovudet, ansiktet, munnen, nasen, øyrene og føtene med vatn på ein særskilt måte og i ei fastlagt rekkefølgje. Reinsinga blir innleia ved at ein framseier Bismillah ar-Rahmane ar-Rahim (i Guds namn, den velgjerande, den miskunnsame), og avsluttar med truvedkjenninga (shahada) som vi såg ovanfor: ”Det er ingen Gud utan Gud, og Mohammed er sendebodet hans”. Det heile og fulle ritualet blir ikkje gjennomført for alle dei fem daglege bønene, men til fredagsbøna skal alt helst med. Ein vaskeplass finns ofte i eit eige rom. Elles må skorne takast av før ein går inn i moskeen, kroppen skal vere dekt til og kvinnene må gøyme håret.
I pakistanske moskear dekkjer også mennene hovudet med ei lita kvit bønelue. Kvinnene skal ikkje gå i moskeen under menstruasjonen (10 dagar), eller 40 dagar etter ein fødsel.
Bønehuer for gutar og menn til bruk i moskeen. Foto: Grete Huus
Bøna (salah) er den andre av dei fem søylene og er sjølve berebjelken i det rituelle livet for muslimane. Ho blir ideelt sett utført fem gongar dagleg til fastlagte tider. Tidspunkta for bøn er knytt til soloppgang og solnedgang, og er derfor både avhengig av årstida og kvar i verda ein er.
Bøna tek berre 5-10 minutt, men kan utvidast dersom ein har ønskje om det. Dersom ein ber i moskeen, vender ein seg mot qiblaveggen og utfører bøna skulder mot skulder med brørne eller søstrene i trua. Dersom ein ber heime, i ein musalla eller på jobb bruker ein gjerne sitt eige bøneteppe. Bøneteppet gjer at grunnen ein ber på er rituelt rein. Moderne bønetepper kan òg ha mekkakompass sydd inn, slik at ein alltid veit i kva retning ein skal snu seg.
Den islamske bøna inneheld eit fastlagd sett av rørsler. Ein startar i ståande stilling, bøyer seg framover (ruku), og legg seg så ned på kne og rører golvet med panna (sujud). Desse rørslene repeterast i ei bestemt rekkefylgje medan ein resiterer koranvers og lovprisar Gud. Foto: Anders Bettum, Oslo museum, Interkulturelt museum.
Fredagsbøna er den viktigaste bøna i veka. Medan jødane har sin sabbat på laurdagar og dei kristne har kviledagen på søndagar, har muslimane valt fredag som sin kvile – og heilagdag. Fredagsbøna kjem i staden for middagsbøna, slik at ein òg ber fem gongar på fredagar. Under fredagsbøna blir det halde preike i to delar, der den første delen er vigd eit religiøst/moralsk tema og den andre eit dagsaktuelt/politisk tema.
Dei to største høgtidsferingane i islam blir kalla store og vesle id. Feiringane følgjer månekalenderen, og kjem derfor årleg omtrent 11 dagar tidlegare enn året før. Store id feirar ein i samband med den årlege pilegrimsferda til Mekka (hajj). I 2007 fann feiringa i Oslo stad den 31. desember, same dag som nordmenn flest feira nyttår. Muslimar over heile verda feirar id anten dei er på pilegrimsreise eller ikkje. Under feiringa gjennomfører ein eit offerritual til minne om vilja Abraham viste til å ofre sonen sin for Gud. Muslimane meiner det var Ismael som skulle ofrast, og ikkje Isak som i jødedomen og kristendomen. I muslimske land ofrar ein ei geit eller eit anna eigna dyr på denne dagen. Ofringa skjer i regi av kvar familie og blir fullt ope slakta på tradisjonelt vis på eigedomane til folk eller rett og slett ute i gata. Kjøtet blir anten ete av dei som ofrar eller delt ut til dei fattige. Blodofferet kan òg bytast ut ved at ein til dømes gir pengar til eit godt formål. I europeiske land kan ein ikkje kjøpe geiter og slakte dei i hagen. I staden kjøper ein seg inn i offer i heimlandet eller donerer pengegåver til muslimar i nød andre stader i verda. Trass i at desse handlingane er like gyldige som blodofferet, har fråveret av den fysiske ofringa og synet av ritualet i gatebiletet gjort store id mindre sentral i diasporasamfunna enn i heimlanda.
Vesle id avsluttar fasteperioden i den heilage månaden ramadan. Under fasta skal ein avstå frå mat og drikke samt tobakk og seksualitet, frå soloppgang til solnedgang. Ved solnedgang samlar familie og vener seg til iftar. Då bryt ein fasta i fellesskap med ein stor festmiddag. I muslimske land er ramadan ein einaste lang festmånad, litt på same viset som adventstid, jul og nyttår i Noreg. Gatene blir feia og pynta med lys, glitter og stas. Når sola går ned blir gatene tomme, med unntak av festtelta som er sett opp for offentleg iftar. Der kan blant anna dei fattige ta del i festen heilt gratis.
Vesle id avsluttar fasta, og blir gjerne feira i tre dagar. Mot slutten av ramadan begynner fasta å gå på humøret laus og alle ser med lengsel fram til slutten og den store festen. Det er fullt mogleg å overhalde ramadan i Noreg utan store tilpassingar.
Elles markerer muslimane i Oslo ei rekke norske høgtider av ikkje-religiøs art som 17. mai og nyttår. Òg julefeiringa begynner å bli meir vanleg blant pakistanarar som kanskje mest for barnas skuld går med på å utveksle gåver og setje opp juletre. På same vis som for ikkje-kristne nordmenn er det fullt mogleg for pakistanske familiar å delta i dei delane av julefeiringa som ikkje har noko med kristendomen å gjere. I den grad ein feirar desse nasjonale høgtidene skjer det likevel i den private sfæren og ikkje i moskeen.