Historie
Islam oppstod på den arabiske halvøya på 600-talet e. Kr. I år 610 mottok den unge handelsmannen Mohammed ibn Abd Allah (f. 570) av Qurayshklanen den første av ein serie openberringar frå Gud. Mohammed vaks opp og virka i handelsbyen Mekka den første tida, men etter at han begynte å forkynne bodskapen sin blei han upopulær og flytta med tilhengarane sine til Medina (Yathrib) den 16. september 622. Muslimane kalar denne episoden hijra, og tidsrekninga deira startar denne dagen.
I løpet av levetida si klarte Mohammed å få dei fleste saudiarabarane over til den nye religionen sin, og å sigre over dei som ikkje ville følgje han i krig. Når Mohammed døyr i 632 har han kontroll over heile Hijaz (den søraustlege delen av Saudi-Arabia med kyst mot Raudehavet). Politikken til Mohammed blei vidareført av dei ”fire rettleia kalifane”, fire av dei mest tiltrudde mennene hans som i tur og orden leia den islamske frammarsjen etter døden til profeten. Desse var Abu Baker, Umar, Uthman og Ali.
Under Umar blei koranen samla og det islamske riket utvida til å omfatte heile midtaustenområdet. Før islam hadde desse områda vore kontrollert av to vaklande supermakter, det bysantiske (austromerske) riket og dei persiske sassanidarane. Uthman heldt fram med å utvide riket, og begynte samtidig å baske med å administrere det enorme området.
Under Ali begynner interne samanstøytar å gjere seg gjeldande. Regjeringsperioden hans var prega av borgarkrig, og konflikten om kven som burde styre det islamske riket har dukka opp igjen fleire gongar seinare i islamsk historie. Dei som meinte den islamske verda burde styrast av etterkomarane til profeten, meir spesielt etterkomarane av Ali og sonen hans Hussain, tok namnet Shi’at Ali, Alis parti. I dag kallar vi denne retninga sjiaislam.
((red:) At ei leiarstilling skulle gå i arv var ikkje vanleg i den arabiske kulturen. Etter skikken var det den beste kandidaten i den sterkaste klanen som blei valt til ny leiar. Det kom derfor til ei splitting mellom dei som meinte at etterfølgjarane til Mohammed skulle veljast, og Alis parti. Sunni tyder ”dei som følgjer gammal vane”. Sunnimuslimane representerer hovudretninga i islam).
Sjiaene er ikkje einige om kor mange av etterkomarane til Ali som var ekte. Nokon meiner det var sju, medan andre, dei fleste, meiner det var tolv. Desse sju eller tolv er [i følgje sjiamuslimane?] dei einaste personane etter profeten med religiøs autoritet over menneskja. Dei blir derfor kalla imamar. Tolvar-sjiaene meiner at den tolvte imamen forsvann på mystisk vis, for ein dag å vende tilbake som Mahdi, frelsar.
Før borgarkrigen fekk noko løysing blei Ali drepen av ein av sine eigne, og slekta til Uthman, Banu Umayya, kom til makta igjen. Denne familien (umayyadane) sat med makta i 90 år. Dei utvida riket til Pakistan i aust og Spania i vest og gjorde òg raid langt inn i Frankrike. Det var i samband med dette muslimane blei slått tilbake av frankarhovdingen Karl Martell i det berømte slaget ved Tours i 732. Derfor har umayyadane fått eit dårleg rykte innan islam, eit rykte som ikkje heilt rettferdig blei sett ut av det etterfølgjande dynastiet, abbasidane. Dei første 200 åra av regjeringsperioden til abbasidane (ca. 750-950) blir rekna som gullalderen i kulturhistoria til islam. Rikdomen frå det store riket strøymde inn til hovudstaden Bagdad, der eit rikt åndsliv blomstra rundt dei nyoppretta universiteta. Poesi, teologi og vitskap frå denne perioden er kjent frå forteljingane i ”Tusen og ei natt”, og gav òg støyten til den kulturelle utviklinga som starta i Europa like etter.
Mohammed blir av muslimar sett på som den siste profeten. Han har motteke den endelege og reine bodskapen frå Gud til menneskja: Koranen. Forgjengarane hans er dei same som profetane innan kristendomen og jødedomen, frå Abraham (Ibrahim) til Jesus.