Arkitektur og dekor
Kuppelen på moskeen er gjerne ”ekte” slik at ein får eit kvelva tak òg på innsida. Golvet er dekka med tepper, gjerne eit stort vegg-til-vegg-teppe som ein igjen legg bøneteppa over. Ideelt sett skal teppet ha vevd inn eigne felt for den enkelte, slik at ein slepp å ha med eige teppe. Feltet representerer ein symbolsk mihrab, og skal helst vere om lag 1 x 2 m for å gi plass til dei ulike rørslene som skal gjennomførast under bøna: ståande, framoverbøygd og kneling / prostrasjon.
Vi ser Quiblaveggen (hovedveggen i ein moske med retning mot Mekka) i Central Jamat-e Ahl-e Sunnat moskeen i Oslo. Mihrab er plassert i midten. Frå taket heng det ei enorm lysekrune under den opne kuppelen. På dagtid reflekterer den dagslyset og spreier det inne i moskeen. På kveldstid, når det er mørkt ute, tennast lysa i den. Lyssettinga i ein moske er veldig viktig. Ved hjelp av lyset skapast den rette stemninga for bøn.
Under: Trappa opp til hovedrommet i moskeen. Begge fotografia: Anders Bettum.
Det blir lagt stor vekt på det romlege, både gjennom dekorasjonane og storleiken på romet, takhøgda og så vidare. I motsetnad til i ei kyrkje er breidda på romet viktigare enn djupna. Ideen er at ein skal stå skulder mot skulder i rekkjer under bøna. Likskap for Gud er eit prinsipp som i praksis ofte må vike for sosiale rangordningar. Til dømes er delar av moskeen øyremerkt kvinnene. Som regel er skiljet markert ved eit galleri, eit eige rom med videooverføring av preika, eller rett og slett berre eit forheng. I den bosniske moskeen i Oslo ber menn og kvinner i same rom, men kvinnene står lengst bak.
Minbar er ei lita trapp som kan plasserast inni eller i nærleiken av mihrab (helst på høgre side). Minbar blir brukt under fredagsbøna, då imamen held si preke frå det nedste trinnet. Det øvste trinner er symbolsk avsett for profeten. Denne minbaren står i World Islamic Missions moske i Åkebergveien i Oslo.