Gurduaraen
Gurduara tyder ”heimen til guruen”, og huser alltid Sri Guru Granth Sahib, den heilage boka. I likskap med jødar og muslimar ser ikkje sikhane på templet sitt som heilagt i seg sjølv. Romet er berre ein samlingsstad, og er først heilagt ved at guruen er til stades. I teorien kan kva som helst slags rom fungere som gurduara, berre det finns ein kopi av Adi Granth der. Andre kjenneteikn ved templet er at det safrangule flagget til sikhane skal vere heist over taket. I India er gurduaraene gjerne kvite, og er omgitt av store opne plassar. Arkitekturen er storslått, gjerne med høge spir og kuplar.
Ideelt sett skal gurduaraen vere open i alle fire verdsretningane, noko som tidlegare blei forstått som at han skulle vere for alle dei fire hovudkastene (varna) innan hinduismen. I dag tolkar ein det slik at gurduaraen skal vere open for alle menneske. Ofte er det òg ein innsjø eller eit basseng med vatn i nærleiken av gurduaraen. Vatnet er viktig for sikhane, og blir brukt til rituelle bad på same måte som i hinduismen, men av andre grunnar. For sikhane er badet reinsande og stimulerande for konsentrasjonen under meditasjon, og ikkje i seg sjølv ei handling som fører ein nærare Gud.
I tillegg til gurduaraene finns ”dei fem tronene”, monumentale bygg som fungerer som senter for den politiske leiarskapen til sikhane. Religion og politikk er likevel svært samavevd i sikhismen, og det kan vere vanskeleg å skilje den eine typen aktivitet frå den andre. I ”tronene” blir det teke avgjerder av både religiøs og ikkje-religiøs art, og dei er òg mål for pilegrimsreiser.